......"Min Jøsnes-sommar 2009" er nå kåra:
Vinnaren blei LISE TJELTVEIT med det nydelege motivet "Sure bær!"
Juryen berømma fotografen for å ha klart å "fange øyeblikket", fått ein god komposisjon, i tillegg til fullt ut å oppfylle kravet om "sommarstemning" !
Kåringa fann stad på sceneopningsfesten laurd 12.sept, og premien var eit gåvekort på Profil Produkter AS på kr 500,- og ein forstørring av bildet på 30x40 cm.
Juryen ønskjer òg å rose andre-plass bildet innsendt av Sigurd Opedal; "Nutkarar på tur" - frå Røssenibben.
Sjølv om det eigentleg kun var ein førstepremie, så ønskjer juryen å premiere dette bildet òg.
Sigurd Opedal får dermed ei forstørring av bildet på 30x40 cm.
Juryen bestod av
- Dag Anton Boge, redaktør i Bygdaposten
- Hans Einar Steinsland, Profil AS
- Anne Auglend, Jøsneset Ungdomslag.
(dei to førstnemnde får kvar si flaske Buhagen eplesaft som takk for hjelpa - Anne, stakkars, får berre takk for hjelpa )